Logo for print
​​

Helfo veiledning i Ørsta har ledig 100% fast stilling som fagleg rådgjevar.

Avdelinga har ansvar for handtering av publikumstenester. Vi informerer og rettleiar både profesjonelle og private brukarar frå heile landet på telefon og e-post. I tillegg har Helfo veiledning ein seksjon som har ansvar for førebyggjande kommunikasjonsarbeid mot helseaktørar. 

Stillinga som fagleg rådgjevar vil ha ein koordinerande funksjon knytt til rettleiingstenesta for helseaktørar. Fagleg rådgjevar vil vere sterkt involvert i dagleg drift av rettleiingsfunksjonen og vil ha tett samarbeid særleg med rettleiarane og seksjonssjef.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • koordinere arbeid knytt til dei ulike fagområda
  • optimalisere arbeidsprosessar både når det gjeld kvalitet og effektivitet
  • nytte brukarinnsikt aktivt i forbetring av tenestene
  • avdekke kompetansebehov og koordinere kompetansetiltak
  • bidra til god samhandling med relevante samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar:

Vi søkjer etter deg som

  • har relevant utdanning på master- eller bachelornivå
  • er nysgjerrig, innovativ og utviklingsorientert og ser etter løysingar som er framtidsretta og gode både for brukarane og for Helfo
  • har erfaring med forbetringsarbeid, og kan jobbe strukturert og målretta med forbetringsprosessar
  • likar å samarbeide tett med andre og toler høgt arbeidstempo
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, er tydeleg, løysingsorientert og har evne til å dele kunnskap med andre
  • tek initiativ og ansvar for eigne oppgåver
  • har god IT-kunnskap og har god digital kompetanse 

Helfo står føre store endringar. Det er derfor viktig med fleksibilitet, vilje og evne til å bidra på andre område/aktivitetar i avdelinga ved behov; eventuelt elles i Helfo. 

Vi kan tilby

  • eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø med fokus på kompetanse, kvalitet og service
  • utfordrande arbeidsoppgåver i eit
    utviklingsorientert og kompetent fagmiljø
  • gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
  • fleksitidsordning

Tilsetting i Helfo som rådgjevar (stillingskode 1434). Aktuelt lønnsspenn er lønnstrinn 55-60 (kroner 480 600,- – kroner 524 200,-). For særleg kvalifiserte søkjarar kan stillingskode seniorrådgjevar og høgare løn vurderast. 

Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi gjer merksam på at søkjarlister kan bli gjort offentlege i samsvar med offentleglova §25.

Vi er opptekne av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte til å søke jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne og etnisitet.

Søknadsfrist: 1. mars 2019

Spørsmål om stillinga kan du rette til seksjonssjef Runa Bakke, mobil 916 21 147


Registrer søknad
​​

​Fant du det du lette etter?