Logo for print
​​

Helfo er i stor omstilling, og som følgje av dette  søker vi etter deg som vil jobbe i Helfo veiledning i seksjon for veiledning helseaktørar.  Arbeidsstad Ørsta.  Utlysinga gjeld inntil 3 midlertidige årsverk frå 1.mars til 1. september med utsikt til forlenging. 

Helfo veiledning for helseaktørar er ei nasjonal eining der helseaktørar tek kontakt på telefon og e-post og får rettleiing i høve saker som er knytt til Helfo sine refusjonsområde. Opningstid på telefon er 08.00 – 15.30. helfo.no er hovudkanalen for helseaktørar og vi nyttar denne i rettleiinga.

 

Arbeidsoppgåve

  • Rettleiing på telefon og e-post

 

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • minimum 3-årig relevant utdanning. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • kundesentererfaring er å føretrekke
  • gode datakunnskapar
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

 

Vi søkjer deg som

  • er utprega sørvisinnstilt og kan takle ein travel kvardag med ulik arbeidsbelastning
  • kan tilpasse deg arbeidet i høve til ein bemanningsplan der ein rettleiar på tlf. inntil 5 timer pr. dag
  • har gode kommunikasjon- og samarbeidsevne og evnar å dele kunnskap med andre
  • har evne til å arbeide strukturert, nøyaktig og effektivt
  • tek ansvar for eigne oppgåver, er initiativrik og fleksibel
  • ønsker å bidra positivt i arbeidsmiljøet

Vi tilbyr deg

  • ei utfordrande stilling i ei verksemd med eit viktig og meiningsfylt samfunnsoppdrag
  • løn som førstekonsulent i lønsspenn 376 100,- - 428 500,-.
  • Fleksitidsordning

Vil du vite meir?

Synest du dette høyres interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne

  • Seksjonssjef Runa Bakke tlf. 916 21 147

Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi gjer merksam på at søkjarlister kan bli offentleggjort i hht. Offentleglova §25.

Vi er oppteken av mangfald og oppfordrar alle kvalifiserte til å søke jobb hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne og etnisitet.

 

Søknadsfrist: 22.februar 2019


Registrer søknad
​​

​Fant du det du lette etter?