Logo for print

Om dette er tilfellet, må du skrive ei legeerklæring som pasienten, saman med kopi av vedtaket om godkjent yrkesskade frå NAV, sender til HELFO.

Ved yrkesskade kan allmennlege/fastlege søke om dekning av vanedannande legemiddel. Det er ikkje naudsynt med søknad frå spesialist.

Ved søknad om vanedannande legemiddel, må også døgndosering oppgjevast for kvart enkelt preparat.

Dersom pasienten har behov for briller som følgje av yrkesskade må pasienten sende søknad til HELFO. Augespesialist må skrive erklæring om at svekka syn skuldast yrkesskaden. Dette er nødvendig ved første gongs søknad og ved fornying av brilleglas med endra styrke.

Dekning av andre utgifter ved behandling av yrkesskade, blant anna legekonsultasjon, kan du lese om i denne artikkelen