Logo for print

Hudlidingar

Legeerklæring frå spesialist i hudsjukdomar, barnesjukdomar eller av lege ved brannskadeavsnittet ved Haukeland sjukehus må ligge til grunn for refusjon av utgifter ved hudlidingar. Erklæringa må dokumentere ei utbreidd og kronisk hudliding som fører til uttørring av huda.

Erklæringa/søknadsskjemaet som spesialisten fyller ut, må innehalde følgande opplysningar:

  • pasienten sitt namn, adresse og fødselsnummer
  • diagnose, med informasjon om kor utbreidd lidinga er 
  • kva produkt som skal nyttast
  • ca. totalforbruk av salver, kremer og oljer per år
  • stadfesting på at behovet for behandling er forventa å bli varig

Kvart tredje år, eller når det må endrast produkt eller mengde, må spesialist sende ny erklæring/søknadsskjema.

Du og pasienten finn meir informasjon på helsenorge.no.

Kroniske og alvorlege sår og fistlar

For at pasienten skal få refusjon av utgifter til bandasje og forbruksmateriell må du stadfeste at

  • pasienten har kroniske og alvorlige sår og fistlar – som for eksempel kreftsår, trykksår (liggesår), venøse leggsår, diabetiske sår og arteriosclerotiske sår
  • det ikkje er heimesjukepleia som steller såra
  • behovet for materiellet må vare minst tre månadar i løpet av eit kalenderår

Du fyller ut skjemaet «Søknad om bidrag til bandasjemateriell og medisinsk forbruksmateriell (ftrl. § 5-22, 05-22.07)» Bokmål | Nynorsk

For at pasienten skal ha rett til refusjon må materiellet vere kjøpt på apotek eller hos bandasjist.

Om såra vert stelt av heimesjukepleia, er det kommunen som skal dekke utgiftene. 

Du og pasienten din fnn meir informasjon på helsenorge.no.

Elektrisk brystpumpe

Ved søknad om refusjon må pasienten ha erklæring frå relevant legespesialist på at barnet har leppe-/kjeve-/ganespalte og at det er behov for elektrisk brystpumpe.

Du og pasienten din finn meir informasjon på helsenorge.no.

Elektrolyse/voksbehandling

Ved sjenerande hårvekst må pasienten søke om førehandsgodkjenning. Lege med relevant spesialitet må skrive erklæring som stadfestar behovet for slik behandling. Om det er lang avstand til spesialist, kan HELFO godta erklæring frå allmennlege.

Pasienten søker sjølv dekning av sine utgifter. Meir informasjon er å finne på helsenorge.no

Logoped/audiopedagog

For at pasient skal ha rett til refusjon hos logoped eller audiopedagog må tilvising ligge til grunn.

Når du skriv ei tilvising må den innehalde nødvendige opplysningar.

Madrass- og puteovertrekk

Born og ungdom under 16 år med middallergi kan få dekka utgifter til madrass- og putetrekk. Middallergien må stadfestast med erklæring frå spesialist i barnesjukdomar, lungesjukdomar, øre- nase- halssjukdomar, indremedisin eller hudsjukdomar. Spesialist i allmennmedisin som har godkjenning til å bruke takst for allergologisk utgreiing kan også skrive slik erklæring.

Du og pasienten din finn meir informasjon om dette på Helsenorge.no.

Ortoptist

For at pasient skal ha rett til refusjon hjå ortoptist må tilvising frå spesialist i augesjukdomar ligge til grunn.

Tilvising til ortoptist må innehalde diagnose, nødvendige og vesentlege opplysningar.

Fysioterapi

For at pasienten skal ha rett til refusjon hos fysioterapeut må tilvising ligge til grunn.

Når du skriv ei tilvising til fysioterapeut må den innehalde nødvendige opplysningar som diagnose, viktige funn, dato for operasjon m.m. Det vil ofte vere avgjerande for pasienten sin refusjon at tilvisingane bokmål | nynorsk er tilstrekkeleg utfylte.

Psykolog

Det er lege eller barnevernsadministrasjonen sin leiar som kan tilvise til psykolog.

Lenke til tilvisningsblankett bokmål | nynorsk

Tandemsykkel

Synshemma, rørslehemma og psykisk utviklingshemma som er over 26 år kan få dekka utgifter til anskaffing av tandemsykkel.

Du må skrive ei erklæring som stadfestar at pasienten

  • på grunn av funksjonshemming ikkje er i stand til å sykle åleine og at det vil gi helsemessig utbyte å sykle, og at
  • forholda elles ligg til rette for bruk av tandemsykkel

Du og pasienten din kan lese meir om tandemsykkel på helsenorge.no.

Tvillingvogn/spesialvogn

Born som har medfødt hoftefeil (hofteluxasjon eller hoftedysplasi) som behandlast med gips eller Freijkas pute, kan HELFO gi godkjenning for utlån av tvillingvogn eller spesialvogn.

Små born med erverva (ikkje-medfødde) hoftelidingar som behandlast på same måte i ei kortare periode, kan også få godkjent utlån.

For at utlån skal godkjennast må du skrive ei erklæring som stadfestar barnet si diagnose og behov.

Meir informasjon om tvillingvogn/spesialvogn finnast på helse​norge.no.​