Logo for print

Leger som vert tilsett i fastlegestilling eller fastlegevikariat som varer over to månadar, må ha gjennomført minst tre års rettleia teneste (veiledet tjeneste), eller vere under rettleiing for å få rett til å utløyse trygderefusjon.

Tilsvarande gjeld for legar som vert tilsett i kommunale fastlegestillingar (fastlønna) og i stillingar ved kommunale legevakter.

Les meir om dette i forskrift om veiledet tjeneste og rundskriv om veiledet tjeneste på Helse- og omsorgsdepartementet sine nettsider.

For legar som manglar tilleggskompetansen Allmennlege med trygderefusjon, har kommunen ansvar for å inngå rettleiingsavtale. Kommunen skal også gi attest ved fullført rettleia teneste. Både rettleiingssavtale og attest ved fullført rettleia teneste skal sendast til Helsedirektoratet, som registrerer opplysningane i Helsepersonellregisteret (HPR).

For å kunne inngå rettleiingsavtale, og få refusjonsrett, må legen ha minimum 60 prosent stilling. Det er Helsedirektoratet som vurderer om vilkåra for å få godkjend rettleiingsavtale er til stades.

Helfo kan hente opplysningar frå HPR. Registeret viser om legen er under rettleiing eller har fullført og fått godkjent tre års rettleia teneste.

Legen vil ikkje få utbetalt refusjon frå Helfo før godkjend rettleia teneste er dokumentert. Avtalen om rettleia teneste må være gyldig på rekningstidspunktet, og det er ein føresetnad for å få utbetalt refusjon at rettleiingsavtalen er registrert i Helsepersonellregisteret.

Du finn meir informasjon når det gjeld rettleia teneste på nettsida til Helsedirektoratet. Der finn du også kontaktinformasjon.

Ofte stilte spørsmål og svar om rettleia teneste

Spørsmål: Finnast det unntak frå kravet om rettleia teneste?

Svar: Ja.

  • Legar som pr. 31. desember 2005 var tilsett i en fastlegeheimel, har fritak for rettleia teneste.
  • Kravet om minst tre års rettleia teneste gjeld ikkje for legar som er tilsett i eit vikariat under to månadar i fastlegeheimel, kommunal fastlegestilling eller stilling ved kommunal legevakt. Desse legane må ha gjennomført norsk turnusteneste eller praktisk teneste i eit anna land som i det vesentlige svarar til slik teneste, eller har autorisasjon på grunnlag av gjennomført grunnleggande legeutdanning i andre EØS-land.
  • Kravet til rettleia teneste gjeld heller ikkje når legen deltek i kommunalt organisert legevakt utanom sitt ordinære arbeid.