Logo for print

Det er kommunane og fylkeskommunane sitt ansvar å gi tilbod om behandling hjå logoped og audiopedagog til born, ungdom og vaksne, som har rett til eit spesialpedagogisk tilbod etter opplæringslova.

Logopedhjelp og audiopedagogiske tenester til born, ungdom og vaksne kan inngå som ein del av det spesialpedagogiske tilbodet.

Helfo kan gi stønad til undersøking og behandling hos privatpraktiserande logoped og audiopedagog etter folketrygdlova, dersom det offentlege ikkje yter stønad etter anna lov. Denne stønaden er regulert i Forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling for språk- og taledefekter hos logoped og audiopedagog. Det er krav til tilvising frå lege. Les meir om tilvising og førehandsgodkjenning under regelverk og takstar for behandling hos privat logoped og audiopedagog.

Behandling av sjukdom, skade eller lyte

For at Helfo skal dekkje utgifter til logoped og audiopedagog, må behandlinga eller undersøkinga hjå logoped eller audiopedagog vere som ledd i behandling av sjukdom, skade eller lyte. Behandlinga må vere av vesentleg verknad for pasienten sin sjukdom og funksjonsevne.

Situasjonar der logoped- eller audiopedagogbehandling blir gitt som ledd i spesialundervisning må skiljast frå tilfelle der det er behov for anna type logopedbehandling som følgje av sjukdom, skade eller lyte.

Det er kommunen sitt ansvar å sørgje for at eleven får oppfylt sin rett til spesialpedagogiske tenester. Kommunen kan ikkje tilvise desse til Helfo med grunngjeving om at det ikkje er logopedteneste i kommunen.

Dersom kommunen ikkje har eigen logoped- eller audiopedagogteneste, pliktar kommunen å sørgje for at eleven får tilbod om dette på annan måte.

Kunnskapsdepartementet har gitt føringar for kommunens ansvar for organisering av logopedtenester i brev av 1. juli 2014 til Norsk Logopedlag.

​Fant du det du lette etter?