Logo for print

Kommunen sender refusjonskravet direkte frå sitt elektroniske pasientjournal system (EPJ) til Helfo. For meir informasjon om dette systemet, må kommunen ta kontakt med systemleverandør.

Fordelar med denne elektroniske løysinga er

  • innsparing av tid og ressursar
  • raskt svar og rask handsaming av kravet
  • betre kvalitet
  • redusert risiko for feil

Normalt vil refusjonskravet vere ferdig kontrollert og utbetalt frå Helfo innan 5 dagar.

Som ein del av ordninga med automatisk frikort for eigendelstak 1, er det eit krav at alle kommunar skal sende inn sine refusjonskrav til Helfo seinast 14 dagar etter at pasienten har betalt eigendelen.

Elektroniske refusjonskrav framsett over linje kan som hovudregel settast fram fortløpande. Frist for å sende refusjonskrav er seks – 6 – månadar frå utgangen av månaden etter at refusjonskravet oppstod.

Helfo behandlar og utbetalar refusjonskravet frå kommunen fortløpande. Dersom refusjonskrava er mangelfulle, inneheld feil eller må undersøkast nærmare, vil Helfo kunne ha lengre sakshandsamingstid.

Kva skal eit krav innehalde?

Rekninga skal i tillegg til diagnose, takstnummer, dato og klokkeslett og utførande behandlar sin ID (hpr.nr.), innehalde pasienten sitt fødselsnummer/D-nummer eller annan tydelig identifikasjon i tråd til EØS-regelverket og avtale med konvensjonsland.

Der pasienten ikkje har 11-sifra personnummer, og kommunen har dokumentasjon på at vedkommande har rettar, kan det likevel sendast rekning til Helfo. Kommunen registrerar då pasienten sin fødselsdag, månad og år, DDMMÅÅ, og merkar med kjønn (K eller M). Skriv eventuelt merknad i merknadsfeltet med informasjon om kva dokumentasjon som er lagt fram.

Dersom kommunen er usikker på om den elektroniske innsendinga av refusjonskravet er mottatt hos Helfo, må den så raskt som mulig ta kontakt med oss. Hvis kommunen har tekniske problemer med innsendinga, ta kontakt med brukerstøtta hos systemleverandør.

Rekningar som vert avviste for eksempel ved feil bruk av takstar eller takstkombinasjonar, må korrigerast og sendast på nytt så snart som mogleg.

​Fant du det du lette etter?