Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Fastlegelister

Kvar fastlegeheimel har ei fastlegeliste med informasjon om alle pasientar som er tilknytt heimelen. Det er to måtar for legar å få tilgang til innhaldet i lista på, enten via abonnement eller nedlasting via ei eiga nettløysing.

Vikarar, delelistelegar og legar med praksis på fleire adresser må ofte hente fastlegelista via nettløysing.

Fastlegeliste via abonnement

Som fastlege kan du starte abonnement med NAV via ditt EPJ-system. Då kan du hente fastlegelista til ditt system når som helst etter at den er produsert.

Du kan velje mellom å laste heile lista eller du kan laste tilgang/avgang. Når du lastar heile lista får du med alle endringar. Om du lastar berre tilgang/avgang får du ikkje med namn og adresseendringar.

Dei ulike EPJ-systema har forskjellig løysingar for å starte/stoppe abonnement, du må derfor kontakte din leverandør dersom du treng hjelp med dette.

Av ulike grunnar vil ikkje alle få tilgang til fastlegelista via abonnementsløysing - det er tilrettelagt ei løysing via nett som kan nyttast som alternativ.

Fastlegeliste via nettløysing

Alle fastlegar og vikarar for fastlegar har tilgang til pasientliste via ei eiga nettløysing hos Norsk Helsenett (NHN). Denne muligheita har du sjølv om du har abonnement.

Dersom du er delelistelege (juniorlege), vil du berre kunne hente fastlegeliste via nett, heimelsinnehavar (seniorlege) vil kunne hente liste via abonnement.

Dersom du er vikar, må du normalt hente fastlegeliste via nett, men dersom heimelsinnehavar har starta abonnement, tilbyr enkelte EPJ-leverandørar vidareføring av abonnement. Du må ta kontakt med din EPJ-leverandør for å avklare dette.

Du finn nettløysinga på NHN si nettside frå Helsenettet (sikra sone) https://fastlegelister.nhn.no/. Logg på med brukarnamnet og passordet som du nyttar når du skal gjere endringar i adresseregisteret.

Du kan lese meir om å laste ned fastlegeliste via nettløysing på NHN si nettside.

Dersom du manglar brukarkonto til denne sida, kontakt NHN sitt kundesenter på telefon nr. 24 20 00 00 eller på e-post: kundesenter@nhn.no . Det same gjeld dersom du treng hjelp med å laste ned liste via nett-løysinga.

Fastlegeliste ved ny fastlegeavtale

Du må starte abonnement så snart du startar opp i fastlegeavtalen. Fastlegelista vil då vere tilgjengelig for deg den første i påfølgjande månad. Inntil denne er på plass kan du hente fastlegeliste via nettløysinga (sjå over).

Du kan lese meir om fastlegeordninga her

Først publisert: 06.12.2018 Sist fagleg oppdatert: 13.09.2022 Sjå tidlegare versjonar