Logo for print

​Innsendte eigendelar for frikort eigendelstak 1 blir registrert i Egenandelsregisteret. Dette er i samsvar med Egenandelsregisterforskriften.

Innmeldingsfrist på 14 dagar

For at pasienten skal få registrert sine eigendelar skal refusjonskrava med opplysningar om eigendelar sendast til HELFO innan 14 dagar etter at behandlinga fann stad. Då sørgjer behandlar og kommunen for at pasientane får frikort og eventuelle refusjonar så snart som mulig.

Kommunen er avtalepart og ansvarleg

For dei fastlønte i legetenesta er det kommunen som er avtalepart med HELFO og ansvarleg for at fastlønte legar i legetenesta innfrir 14-dagersfristen. Dette gjeld også når fastlønte sender inn refusjonskrav på vegne av kommunen.