Logo for print

​Ein person blir kalla asylsøkjar når han eller ho har søkt om vern (asyl) i Noreg, og ikkje har fått søknaden sin endeleg avgjort. Medan asylsøkjarane er i søknadsprosessen får dei eit asylsøkjarbevis som gyldig dokumentasjon. Les korleis UDI skildrar asylsøkjar her.

Rett til dekning av helsehjelp for asylsøkjarar og familiemedlemmar

Asylsøkjarar og familiemedlemmar får dekt nødvendige utgifter til helsehjelp i det offentlege helsevesenet. Med familiemedlem i denne samanheng meinast ektefelle eller barn under 18 år til personen som har status som asylsøkjar.

Ein asylsøkjar er i ein prosess der han eller ho søkjer om vern, medan ein flyktning allereie har fått innvilga vern og rett til opphald i Noreg.

Helsedirektoratet har utarbeidd ein rettleiar som skildrar helsetilbodet til asylsøkjarar, flyktningar og personar som er foreina med familien.

Kva type helseteneste har asylsøkjarar og familiemedlemmar rett på?

Asylsøkjarar og familiemedlemmar har rett på dekning av utgifter til nødvendig helsehjelp på lik linje med ein person som er busett i Noreg.

Ansvaret for finansieringa vil følgje ansvarsfordelinga og sørgje-for ansvaret til kommunane og spesialisthelsetenesta. Unntaket for dette er utgifter i samband med tuberkulosekontroll og helsetenester i transittmottak.

Kva tidsperiode har asylsøkjar rett til helseteneste?

Asylsøkjarar og familiemedlemmar har rett på ytingar frå det tidspunkt det er søkt om asyl, og fram til asyl eller opphaldsløyve i Noreg blir gitt eller avslått. Dette følgjer av folketrygdloven kapittel 5 og forskrift om trygdedekning for asylsøkere og deres familiemedlemmer.

Asylsøkjarar som har fått endeleg avslag på asylsøknaden sin, men som likevel ikkje har forlatt landet, har framleis rett til øyeblikkeleg hjelp frå spesialisthelsetenesta. Dette er likevel helsehjelp som asylsøkjaren sjølv har ansvar for å betale. Dersom pasienten ikkje kan betale sjølv, skal den helseinstitusjonen som yter helsehjelpa dekkje utgifta. Dette går fram av spesialisthelsetjenestelovens § 5-3.

Korleis skal du som helseaktør fremje refusjon til Helfo?

Du som helseaktør kan rette krav om refusjon til Helfo på vanleg måte. Ved innsending av rekning til Helfo må D-nummer skrivast på rekninga i staden for fødselsnummer. Dersom helsetenester er utført  før pasienten har fått tildelt D-nummer, kan fødselsdato, kjønn og namn skrivast på. I notatfeltet må det dokumenterast at gyldig asylsøkjarbevis eller anna gyldig dokumentasjon er framvist.

Praktiske spørsmål

1. Kva er gyldig dokumentasjon for ein asylsøkjar?

  • Gyldig asylsøkjarbevis.
  • Kopi av at eventuell klage på avslått asylsøknad er under behandling.
  • Kopi av utvisningsvedtak/avslagsvedtak på asylsøknad. Dette gjev berre rett til øyeblikkelig hjelp.

 2. Kven rekvirerar D-nummer? Kan Helfo rekvirere D-nummer?

Det er fleire instansar som kan rekvirere D-nummer. Det er behovet til vedkomande som treng D-nummer som avgjer kven som skal rekvirere. Les meir om D-nummer hjå Skatteetaten.  Dersom det er behov for fastlege, kan Helfo rekvirere D-nummer.

3. Skal asylsøkjarar betale eigenandel?

Ja, asylsøkjarar skal betale eigenandelar for behandlingane dei får. Unntaket er når asylsøkjaren er i transittmottak, då skal UDI betale eigenandelen. Sjå UDI sin nettside «Revidert informasjon om helsetjenester til vertskommuner for akuttinnkvartering».

4. Kven skal betale eigenandel dersom asylsøkjaren ikkje kan betale sjølv?

Dersom pasienten ikkje kan betale sjølv, må kommunen/tenesteytaren betale.  Dette følgjer av spesialisthelsetjenestelovens § 5-3 og presisering frå Helsedirektoratet. 

5. Kven dekkjer førstegangskontrollar for nykomne i kommunen?

Førstegangskontrollar, inklusive blodprøvetaking  av nykomne innvandrarar og flyktningar, er definert som førebyggjande arbeid og kartlegging av helsestatus for den enkelte. Folketrygda og Helfo gjev ikkje støtte til dette, og det er kommunen som må ta desse kostnadane.

Les meir i rettleiaren som skildrar helsetilbodet til asylsøkjarar, flyktningar og personar som er foreina med familien frå Helsedirektoratet.

6. Kven betalar obligatorisk tuberkulosekontroll? 

UDI betalar for den obligatoriske tuberkulosekontrollen. Pasienten skal dermed ikkje betale. Ta kontakt med UDI for nærmare informasjon om korleis ein sender inn desse krava.

7. Har asylsøkjarar rett til tannbehandling?

Asylsøkjarar som bur i statlege mottak, har krav på tannhelsehjelp. Det er fylkeskommunen som skal sørgje for at denne hjelpa er tilgjengeleg.

Rettleiaren til Helsedirektoratet fortel kva slags tannhelsebehandling asylsøkjarar har krav på. Du kan lese meir om fagleg innhald i tannbehandlinga og betalingsordningar i «Rundskriv I-23/99» (Sosial- og helsedepartementet).

Når ein asylsøkjar buset seg i ei kommune, og ikkje lenger er i statleg mottak, får vedkommande rett til tannbehandling på lik linje med andre medlemmar i folketrygda. Personar over 20 år må som hovudregel sjølv betale for tannbehandlinga dei har behov for, men det finns nokre unntak.

Les meir om dei 15 tilstandane som gjev rett til stønad frå Helfo på sidene «Regelverk og takster for tannlege» og «Regelverk og takster for tannpleiar». Du kan også lese meir om kven som betalar tannlegerekninga på helsenorge.no. Der finn du også informasjon om rettar i den offentlege tannhelsetenesta for barn og unge asylsøkjarar i alderen 0-20 år.

8. Tilvisingar til spesialisthelsetenesta

Ved behov for å identifisere pasientar som enno ikkje har eit kjent fødselsnummer kan FH-nummer (hjelpenummer) nyttast. Dette FH-nummeret kan mellom anna nyttast ved tilvising til spesialisthelsetenesta.

Les meir om FH-nummer hjå Norsk Helsenett.