Logo for print

​Det er opp til kommunen å krevje fastlønstilskotet (fastlønnstilskuddet) utbetalt frå Helfo.

Krav om fastlønstilskot for fysioterapeutar for første halvår kan framsettast frå 1. juli, og frå 1. januar for andre halvår. Det er viktig at du og din kommune/bydel krev fastlønstilskotet til rett tid, på rett skjema og med riktige opplysningar.

Slik sender du inn kravet til Helfo

Fristen for å sette fram krav er 6 månadar frå det tidspunkt kravet tidlegast kunne vore sett fram. Dette betyr at fastlønnstilskot for første halvår krevjast i perioden 1. juli-31. desember, og for andre halvår i perioden 1. januar-30. juni.

Tilskotet vert utbetalt etterskotsvis. Satsen for fastlønstilskotet vert endra 1. juli og gjeld då for inneverande år. Denne satsen finn du i «Forskrift om fastlønstilskudd til delvis dekning av kommunenes utgifter til fysioterapitjenesten».

Vær merksam på at kommunen/bydelen berre skal sette fram eit felles krav overfor Helfo for alle stillingshavarar for same halvår. Helfo skal foreta utbetaling seinast ein månad etter at kravet er mottatt.

Huskeliste

Helfo stiller nokre grunnleggande krav som må vere oppfylt før fastlønstilskotet utbetalast:

  • Stillinga som fastløna fysioterapeut må utgjere minst 1/3 av full stilling, det vil seie minst 33 prosent.
  • Administrative kommunale oppgåver kan ikkje utgjere meir enn 50 prosent av stillinga.
  • Stillinga som fysioterapeut må vere tillagt kurative oppgåver utanfor institusjon. Omfanget av kurative oppgåver bør vere minst 5 timer per veke. Med institusjon meinast her skulehelsetenesta, helsestasjon og alders- og/eller sjukeheim.
  • Dersom fysioterapeuten har delvis driftstilskot, og i tillegg har deltidsstilling på fast løn, betalar ikkje Helfo ut fastlønstilskot.

Kommunen må fylle ut og sende Helfo følgjande skjema:

Helfo treng ofte telefonnummer til kontaktpersonen i kommunen/bydelen, dette må du opplyse HELFO om ved innsending av krav.

Send utfylt samlerekning og enkeltrekning(ar) til HELFO, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.